Hordaland Seilkrets

Express

Bli ein Express-seglar du òg!





Express er den største kjølbåtklassen i Skandinavia. Båten vart konstruert i 1978 av Peter Norlin, ein av Sveriges mest kjende båtkonstruktørar. Dei fleste Expressane vart bygd av verftet Albin Marin i tidsrommet 1979 till 1982. I dag seglar meir enn 1100 Expresser, flesteparten i Sverige. I Noreg finst over 150 båtar. I tillegg er det store flåtar i Danmark og Finland samt nokre båtar i Tyskland, England og USA. I Hordaland finst nærare 40 båtar, flesteparten av desse er aktive på regattabanen.



Turbåt


Expressen er 26 fot, veg 1800 kg, har fokke, storsegl og spinnaker. Motor: 4-6 hk. påhengsmotor. Som turbåt er båten lett å handtera, sjølv med få folk ombord. Den er rask i forhold til storleiken og har svært god manøvreringsevne. Under dekk finst puter slik at det er køyeplass til 4 personar, lengda på dei to køyene på sidene er god og i forpiggen får to vaksne fint plass. Elles finst plass for eit campingtoalett, mobil kjøkkenseksjon med to raudspritbluss. Det er godt med stueplass i rommet akter, under cockpitdørken og bak på kvar side.





Regattaklassen


Expressen vert segla både som eintypebåt på pølsebane i reine Express-felt og på handikap mot andre båttypar i LYS-regattaer. LYS-talet er på 1.12 og båten viser stadig at han kan bita frå seg på LYS. For å handtera båten effektivt bør ein vera eit mannskap på fire personar som har kvar sine arbeidsoppgåver. I Hordaland går det regattaer for Expressen gjennom heile året og Expressklubben set opp eigen rankingpokal for klassen.





Regattasegling i Hordaland


Rundt Bergen er dei fleste Expressane samla i ulike hamner kring Byfjorden. Båtane møtest på Byfjordtrimmen kvar onsdag. Forutan regattasegling freistar Expressane å samla seg til nokre treningsamlingar i løpet av året.



Norgesmesterskap


NM vekslar på å verta arrangert på Austlandet og Vestlandet annakvart år. På Vestlandet vekslar miljøa i Bergen og Stavanger om å vera arrangør. På NM er deltakinga mellom 25-40 båtar. NM er sjølvsagt årets høgdepunkt der både rutinerte og ferske seglarar er med. Her utvekslar ein erfaringar om ma. korleis ein trimmar båten og kva som er beste måten å ta ned ein spinnaker på. Og så kappseglar ein sjølvsagt, slik at det vert kåra vinnarar som får NM-medaljar. Eit anna høgdepunkt i Noreg er Færderseglasen der om lag 50 båtar deltek.




Express-segling utanlands?


Har du lyst til å reisa utanlands for å segla Express? Både Sverige, Danmark og Finland har nasjonale mesterskap med store regattafelt, til dømes i Sverige der fleire SM har samla over 90 båtar! Uansett om du tar med deg båten, anten sjøvegen eller på tilhengar, eller om du satsar på å få lånt deg båt, så vil eit Expressmesterskap vera ein höjdare du seint vil gløyma!




Trallbar båt


Expressen er trallbar. Ein må ha E-sertifikat, godkjent tilhengar og bil med firhjulstrekk. I Bergen kan Seilmaker Iversen utføra transport dersom ein vil langt av gårde utan å bruka mange dagar på å segla dit ein skal, fleire i miljøet har dessutan vogn privat. Om ein vil ha båten utav sjøen, så kan ein vanleg lastebil løfta han opp. Dermed er det veldig enkelt å få vaska botnen og dette kan gjerast på nesten kva som helst kai.




Kva kostar ein Express?


Ein brukt Express kostar frå 75.000-130.000 avhengig av tilstand og utstyr. Nye segl kostar mellom 30-40 000 kr, men det finst mange gode brukte segl i prisklassen 5-15 000 kr. Er ein fleire som spleisar, vert kostnadane så låge at det er til å leva med for vanlege lommebøker. Årleg vert 15-25 båtar lagt ut for sal, sjekk www.finn.no, norske www.expressklubben.com og svenske www.expresseglare.nu!





Å kjøpa Express


Eit båtkjøp startar som regel på internett. Når du har ein båt du har trua på, er det lurt å sjekka båten både på land og på sjøen. Spør gjerne den som sel båten om kva som er gjort og ikkje minst kva som bør gjerast med båten. Om ikkje ein er veldig glad i båtmekking, kan det ofte vera lurt å spandera nokre kroner ekstra for å få ein regattaklar båt i samsvar med klassereglane.




Importera båt?


Skal du importera båt frå td. Sverige, må du betale norsk moms. Tollvesenet tar utgangspunkt i kjøpskontrakten som selgjaren skriv til deg. Det kan til dømes vera 25 % av 100 000 SEK. Syt for at selgjaren skriv i kjøpekontrakten at båten er bygd og har sitt opphav i Sverige! Er båten ny, stansar på svensk side av grensa og tollklarerer båten ut av Sverige. Så stoggar du på norsk side og klarerer båten inn i Noreg. Altså får du fyrst att moms frå Sverige, før du betaler norsk moms, anten på grensa eller du kan avtale å gjera opp med tollvesenet når du er heime att. Om båten er brukt er prosessen lik, bortsett frå at du ikkje får att noko svensk moms.



Sexy Express?


Har denne informasjonen fått deg meir interessert i å segla Express? Nøl ikkje med å ta kontakt med Expressklubben i Hordaland for meir informasjon eller prøvesegling. Sjekk nettsidene våre på www.expressklubben.com






www.expressklubben.com